I løpet av søndag og natt til måndag er det venta lokalt mykje nedbør på kort
tid. Dette vil føre til rakst stigande vassføring i bekkar og små og
mellomstore vassdrag, melder NVE.

Lavtrykket som no kjem inn over Vestlandet skal vere restane av stormen Irene,
som har herja austkysten av USA den siste veka.

Verst i ytre og midtre strok

Varselet til NVE gjeld for Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og
Vest-Agder.

Frå tidleg søndag er det venta store nedbørsmengder i området. Nedbøren kjem
først lengst sør, men vil bevege seg nordover til våre område i løpet av
søndag. Det er venta at ytre og midtre strok av Vestlandet vil få dei
største nedbørsmengdene.

Betring måndag

Tidleg måndag er det venta at nedbøren skal minke.

NVE varslar at dei store mengdene nedbør som einskilde stader vil komme på
kort tid vil føre til raskt aukande vassføring i bekkar og mellomstore
vassdrag. Det vil også gje aukande risiko for jordskred.

Usikkerheit

Det er likevel knytt ein del usikkerheit til nedbørsprognosane, og det er
usikkert kvar regnet vil verte mest intenst. Uansett ber NVE folk om å
sørgje for at stikkrenner og sluk er reinsa, slik at vatnet kan renne unna.

firda.no